onsdag 10. februar 2010

Oss tre mot røkla


Eg er i faresonen for å høyres patetisk ut. 

Me har eit håp og ei tru. Det er sterkt, og det går langt fram i tid. Den vissheita eg kjenner, mistar eg av og til av syne. Det er mange som bidreg til dette, spesielt innanfor helsevesenet. Måten ein vert møtt på, gjer at eg vel mine ord med omhu. Dei vil ikkje høyre kva eg tenkjer uansett, dei kan ikkje sjå det eg ser. Dei byggjer meg ned, eg byggjer meg oppatt til neste møte.
Ein dag vert eg knallsterk!
Me dreg til Danmark snart. Vonar fleire vil sjå det same som oss der..


Eg er uansett sikker i mi sak

4 kommentarer:

Geitrams sa...

Vesle søta og foreldre :)
Eg tenkte seinast i går på den draumen eg hadde her tidlegare, om vesla dykkar som tok meg i handa og prata til mi babyjenta.
Hald ut og stå på :)
Det gjeld å treffa på dei rette folka, vonar dei snart er å treffa!

ane sa...

So vakkert, og so rørande du skriv... Eg tenkjer titt og ofte på dykk, og lukke til i Danmark. Las du forresten meldinga eg skreiv for veldig lenge sidan, om fagseminaret i LIVEÅTTE? Varm klem til alle tre <3

Bibliotekarspira sa...

Me held ut og står på, noko anna nytta ikkje.
Gode tankar mottek me med takk.
Las det du skreiv om Liveåtte, ja.. Det er "soga" om Live som har starta heile prosessen for oss, takka vere svigers.

besten sa...

Kan nok av og til verka håplaust og ille å måtta slost mot makta heile tida, men den vesle krigaren har vist oss at det nyttar ikkje å gje seg på tap. Difor: STÅ PÅ ! De tre er eit "winning team"