Det er helg! Og det byrja nærme seg vår. Litt tidleg å feire kanskje, men ingenting triggar vårkjensla som tulipanar og sola som skin inn stoveglasa. Eg har hatt heimedag / avtaledag, så eg har fått masse tid med prinsessa mi. No gler eg meg over at det er fleire dagar utan program, me skal kose oss masse i helga.
Planen er å helse på ein hest, viss me er heldige. Fleire planar: satsa på fastelavensbollar, då veslemor har laga fastelavensris i barnehagen. Det er einsbetydande med full fastelavensfeiring! Håpa å få vore litt ute i sola og gleda oss over det deilige veret.
Kva gjer lesarane mine i helga?
6 kommentarer:
Tante Pose og gjengen skal til Voss på skiskyting. Ellers så vert det nok fastelavensbollar her og, laga av Bestemor og Storebror i går.
Her er det feiring av 4 års-dag og selvfølegelig fastelavensboller:-) Håper helgen til bibliotelarspira og co blir strålande:-)
Her e det ei rolig helg i vente.. fastelavensbollene blei lagd på Mandag, så de ligger å venter i frysen, sammen med hjemmelaga rørt jordbærsyltetøy :) Nammi :)
Ønsker dere ei strålende helg!
Stor klem til dere alle
Korleis kan ei februar helg verta meir vellukka enn fisking, vedhogst og så fisking igjen. Går det an å ha det betre??
God fastelaven til alle bollisar
Grattis med overstått deilig helg, alle sammen! Håpa vesle 4 åringen til synnøve hadde ein superdag.. Kan ikkje tru ho er så stor allereie! Hjelp!!
Ja, brått var helga over... Byrja fredagen med baking av bollar. Halve resultat hamna i svoltne barnemagar før kvelden var omme. "Mamma, det er soooo kjekt når du bakar" er nydelege kommentarar når borna kjem heim. Laurdag "feira" Vinjar og eg lunsj på Madelynn i Fosnavåg <3 Søndag fekk eg enkel frukost på senga av veslejenta + ei fosterjente for helga + Vinjar. Kjøtkaker til middag av husbonden. Kaffi m.m. hos mormor og morfar seinare på dagen. Slett ikkje verst, ser eg! Ha ei nydeleg veke! Ane
Legg inn en kommentar