I løpet av hausten har me vurdert og tenkt mykje på korleis me skal få til ei best mogleg trening framover. Trulta vår har vore MYKJE sjuk, ho har fått omlag alt som har gått i barnehagen, me har hatt eit tilleggsproblem. Det tek lang tid å bli frisk att. Det går utover humøret, apetitten og treninga. Sidan det har vore eit problem å få i ho nok energi i haust har me bestemt oss for å ta ein pause i frå barnehagen fram til sommaren. Kanskje det gir ho tid nok til å bli sterk og kome seg ovanpå, nok til å vere betre rusta til å møte andre sitt snørr og gørr.
Det kjennes som ei god avgjerdsle no, men det var litt vondt i starten. Eg veit jo kor mykje glede ho har av andre born og eg ser jo at det er stas både for ho og dei at ho er i barnehagen. Ungane har spurd etter ho og vil leike med ho, dei ser på ho som eit av medlemmane i gruppa. Det var eg veldig spent på korleis skulle bli før ho starta.
Trur nok at det etterkvart vil gå seg til og at ho kan starte på igjen. Inntil vidare prøver me å henge litt med vennar som har born og finaste søskenbarnet, slik at ho skal ha andre ungar rundt seg.
3 kommentarer:
Er nok ei fornuftig avgjerd, ikkje kjekt å vera sjuk så mykje, kan nok koma tider då det vert barnehage igjen
Syskenbarnet vil gjerne komme på besøk i helga! :-)
Jamen fine tante og søskenbarnet, det hadde vore koseleg. Vesla er kanskje på sjukehuset framleis då.. Veit ikkje før på fredag om me får reise heim til helga. Me kan gi ein lyd, usikker på forma også!
Legg inn en kommentar