mandag 21. januar 2013

Endringar i matvegen

Slutten av 2012 var spennande for oss. Me møtte FHC i Usa like før jol og me fekk mange nye tips til korleis me skulle utvide dietten til vesla vår.

Sidan me kutta medisinane mot epilepsi for fleire år sidan har kosthaldet vore veldig striks. På mange måtar er det jo det framleis, men no har me fått prøve ut litt andre ting enn kjøtt, fisk og grønnsaker også. Det var nok på tide, veslejenta vår var ikkje så lysten på mat lenger, ikkje la ho på seg noko særleg lenger heller. No har me starta med havregrynsgraut kokt på havremjølk, deilig frukt blir tilsett og honning. Denne helga fekk ho også kakao laga av råkakao, havremjølk, litt sesamsmør og honning. Det var visst godt. (Sjølv likte eg det ikkje spesielt, men det anar meg at eg er meir driven i sjokolade- og sukkerfaget enn ho er.......) Me har også fått til ei anna drikk som funkar bra med raudbetar og ingefær, fargen gjer at det ser ut som reine prinsessedrikka. Flekkane på kleda etterpå ser ikkje fullt så prinsessete ut. 

Det er deilig å kunne tilsette ris, søtpotet og byggris i maten hennar også. Kjennes ut som om kostholdet nesten er normalt. Om litt skal me prøve oss på andre typar graut også, det gler eg meg til! Hoho!! 

2 kommentarer:

Else sa...

Tenk å få grøt med frukt og honning istedenfor skive med leverpostei :)
kanskje vi må prøve ut noen av disse oppskriftene!

Bibliotekarspira sa...

Hehe, tenk å få skive med leverpostei, seier kanskje vesla mi... :) Ja, kan godt tilrå havregrauten med havremjølk. Mykje næring og god på smak, med frukt og bær i tillegg har eg lyst på den sjølv! Til kvelds i dag var det ei blanding av eple og bringebær, den gjekk raskt ned!