Vesla sitt syn er ikkje heilt optimalt, difor trener me det opp, blant anna med desse bileta.
Me har ein kategori som er svart / kvit med ein fargedetalj på. Den andre kategorien er bilete av ting i hennar kvardag, som ho kan få kjenne på fysisk i etterkant av bilete. Type fatet hennar, koppen, stolen, leiker, badeleiker, symjering osb. Den siste kategorien er spennande bilete som kan trigge ho til å ville sjå. Ofte koplar ho ut synet, sidan ho er sterkast på høyrsel og då er det lettast.
Desse fine bileta står er på programmet denne veka.
Me har tenkt at det er kjekt å ha nokre bilete å relatere til lydbøkene ho høyrer på og
bøker me les.
Dei siste dagane har eg kome over ein del nettstader der dei seljer fototapet, mange av desse har faktisk veldig gode bilete av dyr. Eg klipper og limer det eg er god for!
2 kommentarer:
Kjempejobb de gjer, håpar verkeleg at dette gjev kjempeutvikling, heilt utruleg kva hardtrening kan gjera, men det er hard work også
Det håpar me og!
Legg inn en kommentar