Det blei berre tre dagar på sjukehuset. Det er meir enn nok for meg. Vesle tøffa mi tek det heile mykje betre enn meg, ho er i relativt fin form. Me leikar sjukehus heime med smertestillande, mykje tøying og strekking og endå meir kos. Beina er rett ut i ortose stort sett heile dagen (og natta), slik skal det vere i seks veker framover i første omgang.
Tre dagar på sjukehus. Alle lydane, luktane og tankane set meg heilt ut. Tydeleg at det eg opplevde for nokre år sidan sit sterkt i meg enno. Eg relaterer alt til noko som er skjedd før. Denne gongen enda det med at eg til slutt blei så dårleg sjølv at eg ikkje kunne sitje, stresset sat seg bekken og halebein. Eg klarte berre ikkje å sleppe dei vonde kjenslene og angsten som sit i meg, sjølv om eg veit at det ikkje gjer opplevinga av å vere der betre. Hjernen min kverna heilt underbevisst på alt som har skjedd ein gong.
På oppvaking sov vesla mi i mange timar etter narkosen, ho skalv av gassen og eg blei engsteleg med ein gong. Vaka ein gong over ei seng der ei nyfødd jente plutseleg byrja å krampe, blei blå i ansiktet og heilt stiv. Livredd for å oppleve det igjen. Det er jo ingen logikk i at det skal skje no, likevel trur eg at alt kan skje. Sånn har eg drive på heile dagane. Når me kom heimatt kjende eg meg heilt kjenslemessig tappa. Trøsta er at ting gjekk mykje betre enn frykta og at vesla ikkje har store smerter slik eg hadde venta.
2 kommentarer:
Du skriv så vakkert. Og sårt. Kjenner verkeleg med dykk og vesla som må gjennom alt dette. Du er tøff. De er tøffe. Og flinke. Veldig glad for at det går betre enn du frykta.
Liv A
Takk, kjekk du er då :)
Legg inn en kommentar