tirsdag 22. februar 2011

Bonjour!


Je m'appelle Girraffe.
Monsieur Giraffe .

Til og med giraffane veks fort i denne familien, no
er han snart konfirmant og har over natta fått bart.


mandag 21. februar 2011

Badeløve med røyrsler

I fjor på denne tida var me for fyrste gong i kontakt med Family Hope. Me var på kurs i Danmark. På det tidspunktet var veslejenta vår veldig utrygg. Ein av dei tinga me sleit med var bading, ho var hysterisk.

Eit år etter har me fått ei lita badeløve. Sidan me var på FHC i september, har me bada på kvardagar. Me startar dagane med å reise på bading, i laupet av hausten har dette vorte ein aktivitet me alle trives godt med. I 35 grader kosar me oss, leiker vannkenguru og syng ein heil masse. Denne badinga har hatt mykje å seie for kroppen hennar, no er ho mjukare og mykje meir i røyrsle i både basseng og på land. Det gjer godt å sjå.

Takk for fine kommentarar, kjekt å høyre frå dere der ute som les bloggen :0)

søndag 20. februar 2011

Vektauke

Mykje fint har fulgt med Family Hope for vår del, blant anna er Trultemoren verkeleg blitt ei trultemor. No er ho god og rund i kjakane og med ei god vektauke har at ho faktisk tatt att ein del av det tapte. I takt med nedtrapping av medisin, har matlysta auka. Akkurat slik me hadde håpa.

Vektauke betyr også at frøken kan gå opp ein størrelse i bleier. Andre foreldre tek det kanskje som ein sjølvsagt ting. Eg er rørt og har snakka om det i vekesvis.


Hurra så glad me vert av å få litt kjøtt på beina!

torsdag 17. februar 2011

Medisinkutt

Vår trend hjå apoteket har snudd. Dei siste åra har eg mottatt litervis av ernæringsdrikke, kjøpt gud-veit-kor- mange pakkar med klystèr og boksar, på boksar med medisinar.
Apotekbesøk i 2011;  1 nasespray, takk.

Sakte men sikkert har me trappa ned medisinar i laupet av hausten, like før jol kutta me ut siste rest. Det går kjempebra.  Det er ein del jobb med stramt kosthold, men det er verd det når ein ser resultatet. Det er nesten så me ikkje trur det sjølve, det var dette me drøymde om då me starta med Family Hope i august.

onsdag 16. februar 2011

Oppdatering

Litt fram og tilbake i tankar og innlegg i det siste. Eg har tenkt mykje på om eg vil fortsetje med bloggen, og kvifor eg såfall skulle gjere det. Eg starta den for at nær familie og vennar skulle kunne følgje oss, etterkvart har eg følt at det kan vere viktig å formidle både dei kjenslene me har kring livet og den utfordringa det har vore å få ei jente med hjerneskade. Utfordring med helsevesenet, valg og gjennomføring av trening, og vise at det nyttar å gjere ting på sin eigen måte. Det vanskelege er å la vere å eksponere vesla for mykje, det er også det eg tenkjer mest på. På ei anna side var det ei slik side eg sakna mest sjølv når me vurderte moglegheitane våre, og det var ei lukke kvar gong me fann noko som kunne bekrefte at det var grunnlag for håp, og for ei betre framtid.

Tenkjer difor at eg held det gåande og kjenner litt etter på vegen kor grensene går.

Me har hatt mykje sjukdom hjå oss dei siste månadane. Me har rukke å vore innom både matforgifting, influensa og snørr / gørr. Treninga har gått så som så, og denne veka skal me eigentleg evaluere dei månadane som er gått sidan me sist var i Philadelphia. Me har fått til mykje av det me har ynskja oss, og er straks klare for å leggje ut på ei ny reise over dammen.

Kva me har fått til?

Det får du vite om du sjekkar innom igjen i morgon. Forsetjing følgjer..

søndag 23. januar 2011

Pause..

I samband med nytt år, sjukdom og prøvelsen med å innføre ein ny og betre livsstil-
har eg tatt meg ein pause.
Eg har logga av Facebook for ei stund, det same gjeld bloggen. Sosialt sjølvmord?
Kanskje.

Eg håpar og trur eg er attende "first thing" i februar.

Ynskjer alle som følgjer oss forsatt god januar -

-Familien Flint

fredag 31. desember 2010

Nytt år - nye moglegheiter


Etter ei god veke med joleferie på Sunnmøre er me straks klare for å hoppe inn i eit nytt år. Eg ser attende på  året som er gått med ettertanke, og glede.

Eg har mista mi kjære mormor i år, og det kjem aldri til å verte heilt det same utan ho. Det byrjar å nærme seg eit halvt år sidan, likevel tenkjer eg ofte på ho. Det var spesielt at det ikkje låg gåve frå "Nissen på skarvet", under treet i år. Eg hadde planar om å ta eit bilete av fire generasjonar, med trulta, meg, mamma og mormor - plutseleg er det for seint.

I dag kunne eg hatt ein hoppande glad liten toåring, som sprang rundt beina på meg og masa som Skravlekaspar frå Hønefoss. Det har eg ikkje - tingen er at eg ikkje tenkjer så mykje på akkurat det lenger.
Me har vore heldige, og har verdas beste vesle jente uansett. Eg trur at gjennom vårt valg av trening vil ho kunne gjere mykje når ho vert eldre. Det kjennes godt å prøve og eg kjem aldri til å gje ho opp.

Det er ikkje alt her i verda ein kan styre. Same kor mykje riktig og godt ein gjer så er ikkje alt styrt av karma. Eg har sett kor skjørt livet kan vere, og tek ingenting for gitt lenger. Det er ein god tanke å ha med seg inn i eitt nytt år.

Ein er ikkje sikra god helse, langt liv og lukke heile livet - ta vare på stundene og dei de er glad i. 

Ynskjer dykk alt godt for 2011 - 
Familien Flint  

mandag 13. desember 2010

Barnet mitt er ingen hest


men det er ikkje langt i frå.
For tida tippar me at ho et omlag like mykje som denne
vesle Falabellaen.
I over eitt år har me sloss for å få ho til å gå opp
nokre hundre gram i vekt,
og no har ho lagt på seg meir på tre månedar
enn ho har gjort på eit heilt år. 

HURRA!! 

torsdag 9. desember 2010

Furting


Makan...
Tenk at mor tok seg tid til å ta bileter, midt i den
største furteleppa av alle.

onsdag 8. desember 2010

Reality check

Eg har alltid trudd at vesle Ruskesara mi forstår mykje, at det bur mykje i ho. Det kan vere vanskeleg å forstå når det ikkje er språk og augo ser litt i kryss og tvers. Eg har alltid trudd, og kjent det - men det har vore vanskeleg å vere aleine om slikt og ein vert usikker, ustødig.

Den siste tida har me vorte kjend med fleire andre foreldre som også trener som oss. Det er så fint å høyre om framgangen til borna deira, born med store skadar som er ikkje ligg tilbake for andre jamnaldrande intellektuelt.
Mange av desse har fysiske vanskar, men er mentalt sterke. Dei seier at det virkar å vere slik for mi Ruskesara også. Så har eg kanskje rett, då?!

Dagens "reality check" er ikkje av det dårlege slaget.

mandag 29. november 2010

Bryllaupsplanar

Eg har bryllaupsplanar.

Ikkje for meg sjølv, men eg vil få med meg Kate og William sitt bryllaup. Eg har booka bustad i april, og har fått sms frå min kjære venn om å kle meg fint, men at det ikkje er naudsynt å ta med gåve. Ein treng gjerne ikkje kjøpe noko til brudeparet når ein berre skal sjå dei på tv, eller kanskje ri forbi ?!

London baby!

fredag 26. november 2010

Hesteleg



Hest er topp! 


Me har fått oss ein ny hobby. Hest.
Til vår eigen store begeistring syng me Bonanza- kjenningen, mens me er på ridetur i stova. Trulta syns det er mest stas når pappa roper ut ville vrinsk, og svinger pisken og dreg i tømmane til "hesten", Grønne-skjønne Tom.

Eg er byrja å innstille meg mentalt på husmorferien eg skal ha frå i ettermiddag til i morgon.
God helg, alle!

tirsdag 23. november 2010

Travle veker

Sjukdom, vekkreist mann og bestemor på besøk var forrige vekes ingrediensar. Når de veit grunnen, så er det nok forståeleg at eg ikkje har latt høyre frå meg på ei stund. Me var heldige, det kom mykje godt ut av den bloggfrie veka. Nedvaska kjøkken, rykande ferske bollar og kringle, over 50 porsjonar med middagsmat i alle variantar til Trultemor, ny kjole vart sydd til vesla og huset vart vaska. Skulle ynskje eg kunne seie det var eg sjølv som hadde gjort alt, men det var nok ho mor. Eg er heldig!

Min innsats gjekk i trening, og akkurat det er eg stolt av. No har me hatt nokre gode treningsdagar - me er på veg opp i antall øvingar, endeleg.

Kvelden skal eg bruka til klargjering av morgondagens økt, og nokre timar i sofakroken med ei god bok og ein kopp te. Me fyrer i ovnen og nyt vinterkvelden. Fin kveld !!

Nb. Takk til alle mine 30 støttemedlemmar hjå Hjernebarna. Me fekk applaus på årsmøtet, då me var den einaste familien som hadde sett i gang verving. Eg vonar de vil forsetje til neste år - sjølv om informasjonen frå den kanten ikkje har vore all verda.

mandag 15. november 2010

Olav H.



Eg har lagt med feber nokre dagar = ferdig med brevvekslingane mellom Hauge og Cappelen. Det er ei flott bok, den har gjort inntrykk på meg. Tenk at dei møttes fordi Bodil Cappelen hadde lese ei diktsamling Olav H.Hauge, og sende han eit brev. Fem år med brevveksling - så stod ho plutseleg der og plukka eple i Ulvik ho også.

Har sagt det før, det er noko eige over språket hans. No har eg fått inspirasjon til å sjekke ut dikt av Robert Bly og lese Dagbøkene til Hauge som vart publisert i 2000, tippa det utgjer nokre hundre sider.

"Eg trur eg må ut å fjuka meir, det gjeng strjukande. Når ein ikkje dett ned; det er ikkje mykje å halda seg i um noko skulde klikka. " 

(Sitat er henta direkte frå den flotta bokji!! )

onsdag 10. november 2010

Du veit at Family Hope virkar når..


du står med drit langt oppetter øyrene kvar dag
- og takkar for det !

Endeleg, endeleg, endeleg er det slutt på forstoppelse her i huset.
Når ein har vore med på eit heilt år med slike problem,
kan ein ikkje anna enn å glede seg over alt som kjem ut.
Sjølv om det følgjer med ein del ekstra klevask.