Me helsar dykk god sundag, kjære lesarar!
søndag 27. januar 2013
lørdag 26. januar 2013
fredag 25. januar 2013
Langsam koking
Spennande, spennande. Me er i gang med å teste ut den nye Crock potten vår. Kvar gong me er på FHC så foreslår dei nye ting me kan kjøpe for å gjere livet litt betre. Eg er ikkje noko tilhengjar av alt for masse maskiner og dubedittar på kjøkkenet, gje meg panner og kar, ikkje bakemaskin, kaffimaskin, pizzaovn, frityrgryte.. Eg gidd ikkje bruke masse plass på slikt. Men når det gjeld vesla, sjølvsagt kjøper me det. Difor ser de bilete av Crock pot i dag.
Me skal prøve ut å koke maten til vesla i mange timar og sjå om det hjelp på fordøyinga hennar. No dumpar det ned i postkassa med nye bøker om langsam koking snart, kanskje eg og mannen berre kjem til å ete langsam mat. Synd dersom me blir invitert ut nokon gong, ikkje sant?! Har du kokt maten i 14 timar? Elles kan me diverre ikkje ete den.
Prøvde ut panna for første gong i går. Me la kotelettar, søtpoteter og byggris i same panne og hadde litt vatn over.
Det har kokt i 5 timar no i testfasen. Kjøttet var veldig mørt og fint, og smaken var god.
Litt spent på korleis det vil vere med fisk, kanskje den blir litt tørr?
Er det nokon av dykk som har prøvd langsam koking på same måte eller har erfaring med Crock pot?
Me skal prøve ut å koke maten til vesla i mange timar og sjå om det hjelp på fordøyinga hennar. No dumpar det ned i postkassa med nye bøker om langsam koking snart, kanskje eg og mannen berre kjem til å ete langsam mat. Synd dersom me blir invitert ut nokon gong, ikkje sant?! Har du kokt maten i 14 timar? Elles kan me diverre ikkje ete den.
Prøvde ut panna for første gong i går. Me la kotelettar, søtpoteter og byggris i same panne og hadde litt vatn over.
Det har kokt i 5 timar no i testfasen. Kjøttet var veldig mørt og fint, og smaken var god.
Litt spent på korleis det vil vere med fisk, kanskje den blir litt tørr?
Er det nokon av dykk som har prøvd langsam koking på same måte eller har erfaring med Crock pot?
torsdag 24. januar 2013
Tante reisande Mac i New York City
| To stykk som adapterte den amerikanske livsstilen lett,ein fryd å ha dei med seg på tur :) |
| Tok oss tid til å kose oss på ein benk og nyte sola. |
![]() |
| Testa huskene! |
![]() |
| HOHO! |
onsdag 23. januar 2013
Gratulera med dagen, Besten!
Besten, me håpa du får ein fin gebursdag!
Me har sendt pakke i posten til deg, den kjem nok til å lande heime i huset
på Vetletveit.
Klem frå røvarbanden!
tirsdag 22. januar 2013
FHC desember 2012
Frøken Freken i storform.
Ho veit at ho har alt fokus når me er på FHC
og denne gongen ville ho vise fram kor flink ho var blitt etter all treninga
denne hausten.
Stolt, sa du?
Me trur Carol har verdas finaste kontor og
ho har så mange kjekke leiker å leike med.
Trur ikkje ho gjer anna enn å leike heile dagen.
(I tillegg til vurdere utvikling og program, slik ho gjer her..)
Trur ikkje ho gjer anna enn å leike heile dagen.
(I tillegg til vurdere utvikling og program, slik ho gjer her..)
Scuba- rommet på FHC.
Her er det fint å liggje i trykktank!
Greg testa fela til ein av ungane på instituttet.
Jenta kunne informere om at det var litt kjedeleg det han spelte,
ho ville heller ikkje ta i mot hans råd.
Der gjekk grensa...
mandag 21. januar 2013
Endringar i matvegen
Slutten av 2012 var spennande for oss. Me møtte FHC i Usa like før jol og me fekk mange nye tips til korleis me skulle utvide dietten til vesla vår.
Sidan me kutta medisinane mot epilepsi for fleire år sidan har kosthaldet vore veldig striks. På mange måtar er det jo det framleis, men no har me fått prøve ut litt andre ting enn kjøtt, fisk og grønnsaker også. Det var nok på tide, veslejenta vår var ikkje så lysten på mat lenger, ikkje la ho på seg noko særleg lenger heller. No har me starta med havregrynsgraut kokt på havremjølk, deilig frukt blir tilsett og honning. Denne helga fekk ho også kakao laga av råkakao, havremjølk, litt sesamsmør og honning. Det var visst godt. (Sjølv likte eg det ikkje spesielt, men det anar meg at eg er meir driven i sjokolade- og sukkerfaget enn ho er.......) Me har også fått til ei anna drikk som funkar bra med raudbetar og ingefær, fargen gjer at det ser ut som reine prinsessedrikka. Flekkane på kleda etterpå ser ikkje fullt så prinsessete ut.
Det er deilig å kunne tilsette ris, søtpotet og byggris i maten hennar også. Kjennes ut som om kostholdet nesten er normalt. Om litt skal me prøve oss på andre typar graut også, det gler eg meg til! Hoho!!
søndag 20. januar 2013
Velkomen 2013
Eg har ca. 100 ting eg skulle ha skrive om, og eg veit at det er nokon som venter på bilete i frå bryllaupet. No har eg bestemt meg for å kome tilbake til det, ser ut til at eg aldri kjem i gang med blogginga att viss eg skal vente på at eg har fått ordna bilete. Difor erklærer eg bloggåret mitt, 2013, for opna. Eg skal prøve å vere litt flinkare framover, det er faktisk veldig kjekt for min eigen del å dokumentere kva som skjer og kva eg har tenkt. Det er ikkje likegodt å hugse dersom det ikkje er nedskrive.
Me har hatt tidenes flottaste helg, lekkert vêr, fleire minusgrader og sol. Har ikkje akkurat fått nytta vêret så godt, vesla gidd ikkje sitje i vogn for tida. Men me har i allefall kosa oss heime. I går hadde me besøk av vennar, me bada lenge og åt god lunsj i lag etterpå. Riktig kjekk måte å tilbringe ein laurdag på.
Tok eg bilete? Nei... Men neste gong skal eg hugse det!
Kva har de drive med i helga?
Me har hatt tidenes flottaste helg, lekkert vêr, fleire minusgrader og sol. Har ikkje akkurat fått nytta vêret så godt, vesla gidd ikkje sitje i vogn for tida. Men me har i allefall kosa oss heime. I går hadde me besøk av vennar, me bada lenge og åt god lunsj i lag etterpå. Riktig kjekk måte å tilbringe ein laurdag på.
Tok eg bilete? Nei... Men neste gong skal eg hugse det!
Kva har de drive med i helga?
tirsdag 30. oktober 2012
tirsdag 14. august 2012
Utdrukken!
Eg er ferdig utdrukken,
det var ei fin oppleving!
Førre laurdag i Oslo,
med nydeleg ver,
nydeleg spabehandling,
nydeleg piknik i parken.
Nydelege Ekeberg restauranten.
Og mine fine, fine venninner!
Tusen takk !!
| Lekker piknik, sjekk fatet! Verdas mest kreative forlovar? |
| Enda til sist på Ekeberg restauranten. Hurra! |
| Fin fin forlovar og prosecco - og meg! |
| Nokre av dei aldeles fin- fine jentene mine! |
torsdag 9. august 2012
It`s all about sleep
No er ho endeleg betre, veslejenta som alt dreiar seg om her i livet.
Berre sånn at de veit det, ho søv. Heile natta.
Eg søv, heile natta.
Mr.Sambuar, søv heile natta.
Når me vaknar, utkvilde og klare for ny dag,
ventar verdas aller største smil og blidaste jente oss.
Det er lenge sidan.
Og om eg skal sei det sjølv,
det er fullstendig fortent.
Ei veke til med elendighet trur eg ikkje me hadde takla.
Her, på Kylnå, lukke!
onsdag 8. august 2012
Hyperbarics
tirsdag 7. august 2012
Herlig hage
Gleda ved å flytte ut av byen er ei tomt på to mål.
Gleda ved å overta eit gamalt hus, er at hagen allereie er etablert.
Gleda ved å overta på hausten, er at ein ikkje anar kva alle trea og buskane på eigedomen eigentleg er.
Kva skjuler seg fram i jorda fram til våren kjem?
Det skulle vise seg at det blant anna var
nydelege roser som lukta himmelsk
kaprifol, mmm... lukta også godt !
Men den beste overraskinga eg kunne fått av hagen min.
Den store buska som stod der ute var duftsjasmin. Den er flott og sjå på,
men aller best likar eg lukta.
Verdas beste lukt.
Tek meg rett tilbake til farmor og farfar sin hage,
sommar ute ved steinbordet i hagen.
Sommarlukke som lite barn.
Stor tomt med gamal hage, inneheldt også tjukt med sneglar. Dei skjuler seg også i jorda om hausten og vinteren. Me har hatt dagleg trim med innsanking. No byrjar det å roe seg litt, trur eg. Skal nok ut ein tur i kveld også, for sikkerhets skuld.
Fin kveld!
søndag 5. august 2012
Gode Ivar Aasen, til lukke med 199 års dagen!
Eg feira deg med nokre bilete frå Ivar Aasen- tunet,
ein draum av eit bygg -
med viktig og fint innhald !
Arkitekten Sverre Fehn har tenkt ut store liner..
og pyttesmå detaljar..
Gamlemuseet og utescena
I ei eng av vakre villblomar står Aasen- tunet,
i ekte Ivar Aasen-and.
Han hadde eige herbarium, som ein framleis kan sjå i utstillinga.
Overraska?
Utstillinga fortel nettopp kuriosa om Aasen, på kjøpet får du historia om
ein av dei viktigaste menneska i norsk historie.
De som ikkje har vore der burde ta ein tur.
Det er det verd!
Abonner på:
Innlegg (Atom)







