søndag 23. januar 2011

Pause..

I samband med nytt år, sjukdom og prøvelsen med å innføre ein ny og betre livsstil-
har eg tatt meg ein pause.
Eg har logga av Facebook for ei stund, det same gjeld bloggen. Sosialt sjølvmord?
Kanskje.

Eg håpar og trur eg er attende "first thing" i februar.

Ynskjer alle som følgjer oss forsatt god januar -

-Familien Flint

fredag 31. desember 2010

Nytt år - nye moglegheiter


Etter ei god veke med joleferie på Sunnmøre er me straks klare for å hoppe inn i eit nytt år. Eg ser attende på  året som er gått med ettertanke, og glede.

Eg har mista mi kjære mormor i år, og det kjem aldri til å verte heilt det same utan ho. Det byrjar å nærme seg eit halvt år sidan, likevel tenkjer eg ofte på ho. Det var spesielt at det ikkje låg gåve frå "Nissen på skarvet", under treet i år. Eg hadde planar om å ta eit bilete av fire generasjonar, med trulta, meg, mamma og mormor - plutseleg er det for seint.

I dag kunne eg hatt ein hoppande glad liten toåring, som sprang rundt beina på meg og masa som Skravlekaspar frå Hønefoss. Det har eg ikkje - tingen er at eg ikkje tenkjer så mykje på akkurat det lenger.
Me har vore heldige, og har verdas beste vesle jente uansett. Eg trur at gjennom vårt valg av trening vil ho kunne gjere mykje når ho vert eldre. Det kjennes godt å prøve og eg kjem aldri til å gje ho opp.

Det er ikkje alt her i verda ein kan styre. Same kor mykje riktig og godt ein gjer så er ikkje alt styrt av karma. Eg har sett kor skjørt livet kan vere, og tek ingenting for gitt lenger. Det er ein god tanke å ha med seg inn i eitt nytt år.

Ein er ikkje sikra god helse, langt liv og lukke heile livet - ta vare på stundene og dei de er glad i. 

Ynskjer dykk alt godt for 2011 - 
Familien Flint  

mandag 13. desember 2010

Barnet mitt er ingen hest


men det er ikkje langt i frå.
For tida tippar me at ho et omlag like mykje som denne
vesle Falabellaen.
I over eitt år har me sloss for å få ho til å gå opp
nokre hundre gram i vekt,
og no har ho lagt på seg meir på tre månedar
enn ho har gjort på eit heilt år. 

HURRA!! 

torsdag 9. desember 2010

Furting


Makan...
Tenk at mor tok seg tid til å ta bileter, midt i den
største furteleppa av alle.

onsdag 8. desember 2010

Reality check

Eg har alltid trudd at vesle Ruskesara mi forstår mykje, at det bur mykje i ho. Det kan vere vanskeleg å forstå når det ikkje er språk og augo ser litt i kryss og tvers. Eg har alltid trudd, og kjent det - men det har vore vanskeleg å vere aleine om slikt og ein vert usikker, ustødig.

Den siste tida har me vorte kjend med fleire andre foreldre som også trener som oss. Det er så fint å høyre om framgangen til borna deira, born med store skadar som er ikkje ligg tilbake for andre jamnaldrande intellektuelt.
Mange av desse har fysiske vanskar, men er mentalt sterke. Dei seier at det virkar å vere slik for mi Ruskesara også. Så har eg kanskje rett, då?!

Dagens "reality check" er ikkje av det dårlege slaget.

mandag 29. november 2010

Bryllaupsplanar

Eg har bryllaupsplanar.

Ikkje for meg sjølv, men eg vil få med meg Kate og William sitt bryllaup. Eg har booka bustad i april, og har fått sms frå min kjære venn om å kle meg fint, men at det ikkje er naudsynt å ta med gåve. Ein treng gjerne ikkje kjøpe noko til brudeparet når ein berre skal sjå dei på tv, eller kanskje ri forbi ?!

London baby!

fredag 26. november 2010

Hesteleg



Hest er topp! 


Me har fått oss ein ny hobby. Hest.
Til vår eigen store begeistring syng me Bonanza- kjenningen, mens me er på ridetur i stova. Trulta syns det er mest stas når pappa roper ut ville vrinsk, og svinger pisken og dreg i tømmane til "hesten", Grønne-skjønne Tom.

Eg er byrja å innstille meg mentalt på husmorferien eg skal ha frå i ettermiddag til i morgon.
God helg, alle!

tirsdag 23. november 2010

Travle veker

Sjukdom, vekkreist mann og bestemor på besøk var forrige vekes ingrediensar. Når de veit grunnen, så er det nok forståeleg at eg ikkje har latt høyre frå meg på ei stund. Me var heldige, det kom mykje godt ut av den bloggfrie veka. Nedvaska kjøkken, rykande ferske bollar og kringle, over 50 porsjonar med middagsmat i alle variantar til Trultemor, ny kjole vart sydd til vesla og huset vart vaska. Skulle ynskje eg kunne seie det var eg sjølv som hadde gjort alt, men det var nok ho mor. Eg er heldig!

Min innsats gjekk i trening, og akkurat det er eg stolt av. No har me hatt nokre gode treningsdagar - me er på veg opp i antall øvingar, endeleg.

Kvelden skal eg bruka til klargjering av morgondagens økt, og nokre timar i sofakroken med ei god bok og ein kopp te. Me fyrer i ovnen og nyt vinterkvelden. Fin kveld !!

Nb. Takk til alle mine 30 støttemedlemmar hjå Hjernebarna. Me fekk applaus på årsmøtet, då me var den einaste familien som hadde sett i gang verving. Eg vonar de vil forsetje til neste år - sjølv om informasjonen frå den kanten ikkje har vore all verda.

mandag 15. november 2010

Olav H.



Eg har lagt med feber nokre dagar = ferdig med brevvekslingane mellom Hauge og Cappelen. Det er ei flott bok, den har gjort inntrykk på meg. Tenk at dei møttes fordi Bodil Cappelen hadde lese ei diktsamling Olav H.Hauge, og sende han eit brev. Fem år med brevveksling - så stod ho plutseleg der og plukka eple i Ulvik ho også.

Har sagt det før, det er noko eige over språket hans. No har eg fått inspirasjon til å sjekke ut dikt av Robert Bly og lese Dagbøkene til Hauge som vart publisert i 2000, tippa det utgjer nokre hundre sider.

"Eg trur eg må ut å fjuka meir, det gjeng strjukande. Når ein ikkje dett ned; det er ikkje mykje å halda seg i um noko skulde klikka. " 

(Sitat er henta direkte frå den flotta bokji!! )

onsdag 10. november 2010

Du veit at Family Hope virkar når..


du står med drit langt oppetter øyrene kvar dag
- og takkar for det !

Endeleg, endeleg, endeleg er det slutt på forstoppelse her i huset.
Når ein har vore med på eit heilt år med slike problem,
kan ein ikkje anna enn å glede seg over alt som kjem ut.
Sjølv om det følgjer med ein del ekstra klevask.

mandag 8. november 2010

Brev


Kjære Bodil Strømsted.

Hjarteleg takk for uventa brev! Eit friskt velskrive brev,
og uventa ting gled oss kanskje mest.
Drøymer om eit stilt rom med bøker, kven gjer ikkje
det?Men det vert minder og minder tid til å roa seg der.
[...]
Olav H. Hauge - Bodil Cappelen   Brev 1970- 1975

Eg starta på boka som inneheld brevkorrespondansen mellom Bodil Cappelen og Olav H. Hauge i dag. 
Ovanfor er det eit utdrag av det fyrste brevet Hauge skriv til Bodil. Eg starta forsiktig å smuglese det allereie
på perrongen mens eg venta på at banen skulle kome og føre meg heim. Det var uforsiktig av meg. Fenga av det eg las, enda det med at eg med nasa altfor langt ned i boka, gjekk på feil bane. Eg las og las, og verkeleg kosa meg då eg oppdaga at eg plutseleg var komen til Tveita. (Altså ikkje riktig i det heile tatt). Forvirralusa hadde også gløymt lommeboka si på jobb - eg kunne ikkje ta buss heim, fordi eg ikkje hadde kort. Eg måtte snike på banen eit stykke tilbake, før eg så kunne snike på banen på riktig veg heim.

Hjelpes! Olav H. set meg heilt ut.
Frå no av kan berre Hauge nytast innanfor heimen.


Og forresten - tusen takk til alle som kommenterer, eg ser dykk og les dei - og set pris på det !

fredag 5. november 2010

Familien Flint on tour


Me var i Roma for litt sidan,
då tok Besten desse morsomme bileta av oss.

Dersom eg går lei av bibliotekaryrke nokon gong,
så har eg gode sjansar til å verte ein strålande bob- køyrar. 
Prognosane vert vel ekstra gode, sidan eg har nesten fulltallig mannskap og
me har øvd på å leggje oss i svingane, som de ser.
Neste OL, kanskje?!

torsdag 4. november 2010

Visdomsord


Nok eit kjøleskapsdikt.
Magnetane "Snakk litt med kjøleskåpet" inneheld ord og
utrykk henta frå Olav H.Hauge og Geirr Tveitt.

Hauge er min absolutte favorittdiktar, ingenting
kan slå måten han skriv på.
Eg elskar den gamle nynorsken han brukar,
og fell heilt i stavar når eg les ord som
um, haustsoli, stjernor og attum.

Ein dag skal eg gje dykk eit nytt Hauge dikt,
det er viktig å frelse flest mogleg!

mandag 1. november 2010

Dikt for dagen


direkte frå kjøleskapsmagnetane mine. 

torsdag 28. oktober 2010

Roma mi amore


 Sant'Ivo alla Sapienza



Eg simpelthen elskar Roma !