Denne dagen har eg har grua meg til. Eigentleg har eg stri-nekta heilt til det siste. Vesla mi skal opererast i dag. Hofta hennar er på veg ut av ledd, den hersens spastisiteten dreg den utover same kor mykje med driv med bading, trykktank, koordinasjon og elektrodar. Det gir seg ikkje.
I desember hasta me til Usa for å sjekke om Dr.Nuzzo kunne hjelpe oss. Fleire andre norske familiar har brukt Nuzzo når dei har hatt problemar med blant anna hofter. Me håpa at han skulle seie at røntgenbileta ikkje såg så ille ut som dei meiner i Ålesund og at han kunne hjelpe oss med ein alternativ operasjon. Men bileta såg ikkje bra ut og me stod igjen med tre val.
1. La hofta gå ut av ledd. Treng ikkje vere smertefullt, men då vil spastisiteten byrje å dra på ryggen.
Då kan vesla få skoliose (skeiv rygg) og alt det medfører i tillegg.
2. Ta operasjon hjå Dr. Nuzzo i Summit tidleg 2013. Han tilbyr både alkoholblokade og faschia release (som me har stor tru på.) I tillegg kan han gjere ein meir omfattande operasjon av hofta, SLOB, der han går inn og bygger opp breiare hofteskåler som skal halde hofta på plass.
3. Ålesund sjukehus. Dei kuttar musklane på innsida av låret, slik reduserer dei spastisiteten i første omgang. I omgang nummer to kuttar dei beinet og set det på plass der det eigentleg skal stå, festar det igjen med skruer.
Ingen av operasjonane kan garantere at det er alt som skal til. Truleg vil ho måtte ta dei fleire gongar og likevel er me ikkje garantert at dei må ta heile hofta til slutt.
Dette er dei tinga me måtte grunne på i jola. Eg likar ikkje tanken på norsk helsevesen. Legar, sjukepleiarar, for meg er det folk som ikkje gjer jobben sin. Så kva gjer ein når ein ikkje stolar på at folk gjer jobben sin? Eg forlangar å få all informasjon om operasjonen skrifteleg tilsendt. Eg bed om at det vert gjennomgått på førehand at dei skal trekke seg ut dersom dei ser at dei heller burde gjere ein større hofteoperasjon, me godkjenner det ikkje. Eg leiker beintøff. Men eigentleg er eg pissredd. Det er me som har ansvar for denne uskuldege fireåringen, ho kan ikkje anna enn å ta i mot det me gjev ho. Då bør vala våre vere gode og grunngjevingane endå betre.
Me er usikre på korleis ho vil reagere på narkosa og kor lang tid ho vil måtte liggje på sjukehuset. Det kan vere alt i frå nokre dagar til nokre veker. Eg håpar ho har bygd seg opp godt nok immunforsvar til å tole operasjonen godt og at me for eingongsskuld kan vere heldige når det gjeld sjukehusopphald og rehabilitering.
Send oss lukkestøv, det treng me!
2 kommentarer:
Masse lykkestøv sendes deres vei, kjære deg. Håper dere får et bedre møte med helsevesenet denne gangen! *klemmer*
Tusen takk!
Legg inn en kommentar