mandag 15. februar 2010

Overstått fastelaven



Så flott fastelavensris kan ein faktisk få når ein er mamma til verdas beste vesle snupp. Det var ein vellukka Fastelavens og morsdagsfeiring i går, og mamma i huset fekk ei flott gåve :0)
I tillegg var det super komlemiddag og slett ikkje så galne bollar med krem etterpå!

fredag 12. februar 2010

Helgestemning

Det er helg! Og det byrja nærme seg vår. Litt tidleg å feire kanskje, men ingenting triggar vårkjensla som tulipanar og sola som skin inn stoveglasa. Eg har hatt heimedag / avtaledag, så eg har fått masse tid med prinsessa mi. No gler eg meg over at det er fleire dagar utan program, me skal kose oss masse i helga.
Planen er å helse på ein hest, viss me er heldige. Fleire planar: satsa på fastelavensbollar, då veslemor har laga fastelavensris i barnehagen. Det er einsbetydande med full fastelavensfeiring! Håpa å få vore litt ute i sola og gleda oss over det deilige veret.

Kva gjer lesarane mine i helga?

onsdag 10. februar 2010

Oss tre mot røkla


Eg er i faresonen for å høyres patetisk ut. 

Me har eit håp og ei tru. Det er sterkt, og det går langt fram i tid. Den vissheita eg kjenner, mistar eg av og til av syne. Det er mange som bidreg til dette, spesielt innanfor helsevesenet. Måten ein vert møtt på, gjer at eg vel mine ord med omhu. Dei vil ikkje høyre kva eg tenkjer uansett, dei kan ikkje sjå det eg ser. Dei byggjer meg ned, eg byggjer meg oppatt til neste møte.
Ein dag vert eg knallsterk!
Me dreg til Danmark snart. Vonar fleire vil sjå det same som oss der..


Eg er uansett sikker i mi sak

tirsdag 2. februar 2010

Tre steg fram, to attende..

Det byrjar kjennes noko typisk.
Kvardagen har byrja å betre seg, maten går ned i magen i staden for ut på golvet, så vesla veks og strekk seg i lengde og breidde. Søvn er litt varierande, men går stort sett greit. Eg slappar meir av og gledar meg over den vakre, vesle jenta mi. Då skjer det. Sjølvsagt.

Det hender eg lurer på om me aldri skal kome ovanpå. Tre steg fram, to attende.

The story of her life.

mandag 1. februar 2010

PC-kræsj

I dag har eg verkeleg mykje spennande å dele med dykk..

PCen vår har sagt takk og farvel, så det vert litt dårleg med blogging heimefrå for tida. Me fekk stort sett redda ut det me trengte, heldigvis har alle bileta vore sikra på nett frå før av. No lever pcen sitt eige liv, og det ser ut til at den ikkje kan gjenopplivast.

I helga har me hatt besøk av farfar og onkel, så vesle trultemor har fått masse kos og merksemd. Ekstra stasleg at onkel lærde seg hoppeteknikken. Me fekk oss gammal - ny ovn, og var kjempeglade for at me endeleg får steike mat utan å svi det. Også er vasken vår reparert, godt å ha ein svigerfar som handy. Det er flott gjort å kome køyrande heilt frå Vestlandet for å hjelpe oss, me veit me er heldige.. 

Sånn går no dagane...

torsdag 28. januar 2010

Draumen er..




... i ferd med å oppfyllast! Mine snille foreldre skal spandere tur på heile familien til hausten, og me skal visst til Roma. HURRA! Då får eg kanskje sjå favorittbyen min på same måte som ovanfor, gjennom luftehol på veg opp til toppen av Peterskyrkja i Vatikanet.



Eit glimt av Colusseum får eg vel også, men fordelen er at eg faktisk har sett mykje av Roma tidlegare. Så eg treng ikkje få med alt av attraksjonar.
Å, lukke!

søndag 24. januar 2010

Heldige, heldigvis..





Etter me fekk den vesle jenta vår, har me merka kor vanskeleg det er å bu ein stad utan besteforeldre og anna familie som kan hjelpe oss. Me har mykje å dele, både fint og vanskeleg. Me skulle heilt fint ha klart å setje dei aller fleste i arbeide. Det slår oss stadig oftare at det hadde vore ein heil del enklare dersom ein hadde hatt nokon i nærleiken som kunne ha henta i barnehagen ein dag innimellom, laga middag ein torsdag eller simpelthen vore så gild å kome for å ta frøkna med på trilletur. Me er ikkje så heldig stilte at me har familie her, men me har noko som kjem ganske tett opptil. Gode vennar.

Tusen takk til aller beste "Vesle bjørnen" som kom når me trengte hjelp på laurdag! Ikkje berre kasta ho alt ho hadde i hendene og heiv seg på eit tog då eg ringte. Ho kom med desse vakre tulipanane til meg. Eg set så ubeskriveleg stor pris på å ha så gode vennar.


torsdag 21. januar 2010

Korleis får me det til?

Svosj, så er denne veka snart over. Eg har ikkje skrive blogginnlegg. Eg har ikkje gjort husarbeide. Eg har ikkje sett på TV. Eg har ikkje fått jobba noko særleg.
Så kva har eg eigentleg gjort?
Eg har vore mamma. Mamma til ei jente som har ei stappfull avtalebok. Då vert det fort litt hektisk, og alle andre ting må lide litt under det. Berre jenta mi ikkje lider, så får det andre vente litt.

No er eg heime, midt på dagen ein heilt vanleg torsdag. Eg var på jobb, og såg fram i mot å få gjort mykje, då eg vart oppringt av ein fortvila sambuar. Ryggen streika og han var heime aleine med vesla. Det var to glade ansikt som møtte meg frå sofaen når eg kom heim. Slik går no dagane i januar, det seier seg sjølv at det ikkje akkurat er mykje arbeid eg får gjort om dagen.

søndag 17. januar 2010

Bading og vafling..

Det har vore ei fin helg, og den vart avslutta på aller beste måte. I føremiddag hadde me ein "badedate" i eit basseng i nærleiken, no fekk eg endeleg forklart forskjellen mellom badekar og badebasseng for sambuaren min. Han brukar konsekvent å kalle badekaret vårt for badebasseng, men eg kjenner at det kling litt feil i mine øyrer, det er trass alt ikkje badevaktar og moglegheitar for å dykke etter nøklar på djupet. Det er lenge sidan sist me har hatt med oss ei lita trultemor i basseng, så ho var ganske overvelda over det heile. Eg er ikkje riktig sikker på om ho likte det eller om ho kosa seg i ein litt skeptisk form. Sliten vart ho i alle fall, og me fekk i det minste fram smilet då me hoppa opp og ned i vatnet. Hopping slår aldri feil!

Bollar og kaffi fekk me også tid til på næraste skogscafe, det var tjukt med folk, og me trudde borna sov. Vesla stod ute i lag med kompisen sin, og då me sjekka var ho blodig fornærma, ho hadde tydleg ula lenge. Heldigvis hadde veslekompisen godt sovehjarte, han har ikkje letta på augnelokka til trass for at det låg ei jente ved sida og skreik til krampen tok ho. Det må vere noko spesielt med menn, dei startar treninga for utsjalting allereie i ung alder. Prinsessa vart redda og prinsen sov vidare, så sundagen endte godt for alle partar. Vonar lesarane mine også har hatt ei fin helg!

NB! Det er rein plikt å fortelje at eg lånte utrykket "bading og vafling" av ein liten og sjarmerande venn i Kongsberg. Det er hans, men eg kjenner meg nødt til å spreie slike vakre vendingar!

torsdag 14. januar 2010

Friends




Ein liten helsing frå sofakroken. Eg er for tida så djupt inne i Friends, at eg neppe kan setje av meir enn ein halvtime til pc på kveldstid. Me er komne til sluttspurten, siste sesong. Denne serien har fulgt meg gjennom heile ungdomstida, frå vidaregåande, folkehøgskule, høgskule og arbeidslivet. Eg såg siste episode i eit tomt husvære i Hammerfest, og eg overdriv ikkje når eg seier at eg fossgrein.

Denne gongen skal eg nyte siste sesongen, samstundes trekk eg eit lettelsens sukk. Det er jammen på tide å frigjere litt kveldstid også.

tirsdag 12. januar 2010

Fine og kalde kveldar





Eg er i ferd med å tine oppatt etter ein kald tur ute i blesten. Det var så fint å endeleg få tid til ein kveldstur. Trur jammen det er noko eg skal forsetje med framover. Ovnen sprakar og me har ein vedsekk att, det har vore ufyseleg kaldt i det siste. Heldigvis har ei snill tante forbarma seg over oss, me skal hente nokre sekkar hjå ho til helga. Når ein er vand med at tilhengarlass med ved frå vestlandet dukker opp utan at ein sjølv må gjere ein innsats, vert ein mildt sagt forundra når det ikkje har vore leveransar og det byrja nærme seg golvet i vedboda.

lørdag 9. januar 2010

Til Vladivostok


Der andre babyer sovner i Sinsen-krysset
vræler du hele veien til Vladivostok
Men jeg vil ikke ha noen andre
Jeg kjører med deg helt ut dit hvor ingen forstår meg
Det er ikke til  å tro
Det er lissom ingen grenser, men så er de der likevel,
og jeg må like forbanna stoppe
og bevise hvem jeg er
Du vet det lenge før meg
Der andre mødre går på tur bak en vogn,
leser jeg kart og lærer russisk

Cahthrine Grøndahl

tirsdag 5. januar 2010

Kvardag




Utekos med mamma



Og utekos med pappa

Me er attende til kvardagen i Oslo. Den fører med seg mykje arbeid og organisering av livet vårt, men også ein del andre ting. For eksempel har leggjerutina kome på plass heilt av seg sjølv, ingen som budde i same hus som den vesle ranglefanten vår i jola ville trudd sine eigne augo. Ranglefanten søv i frå klokka 19.30. Det er verkeleg det beste nyttårsforsettet ho kunne innfridd, endeleg litt rolegare kveldar.

Det har vore ei fin jol for oss, sjølv om det var ein del skrik og skrål frå ei lita høns. Slikt er me vande med, men det kjendes ut som det var litt ekstra og då eg kikka inn i munnen hennar oppdaga eg fire hovne jekslar som jobba seg veg fram. Då er det greit å forstå kvifor oppførselen ikkje var eksemplarisk.

Som de ser på bileta ovanfor fekk me tid til å kose oss ute på leikeplassen i jola. Det var stor stas! Det aller beste var når heile familien Flint dumpa, det syntes i alle fall vesle frøkna. Eg syntes det var stas sjølv også, så eg veit ikkje kven som var mest nøgd.

mandag 4. januar 2010

The winner ...








NINA

Send meg ein mail: bibliotekarspira@hotmail.com
med adressa di, så får du noko fint i posten!


Takk til alle som har vore med i konkurransen!

Siste sjans!

Det er framleis litt tid til å vere med i konkurransen!

Eg trekkjer i kveld..