Her i gården har det virkeleg vore ei spesiell veke. Ikkje berre har eg fått meg nytt vikariat på den aller kjekkaste jobben, me har jammen fått fleire gode nyhender.
Ein av dei var å prøve nedtrapping av medisinar, det har vore ein del uheldige bieffektar i det siste.
Det andre er at frøkna vår har fått medhald, og vil få erstatning, eit slag mindre som skal kjempast. Ei sikrare framtid og kanskje litt enklare ?!
Og i dag kom det endå ein beskjed som me har venta på i spenning: Me får støtte til intensiv trening frå hausten av og Family Hope prøver å finne ein ledig plass i boka til oss.
Jubel, jubel for absolutt alt!
Desse beskjedane har letta litt på det trykket som har vore i det siste. Eg kjenner det slit på meg når alt er så usikkert, eg liker å vite kva eg gjer nokre månedar fram i tid. Det er framleis ei heil raus med spørsmål som ikkje er svart på, men me kjenner oss tryggare på at våre framtidsplanar kan realiserast no.
Dei positive tankane er gode å ta med seg inn i helga!