mandag 24. august 2009
Barnehagestart
Barnehagestart er ikkje så skummelt som venta, det gjekk over all forventning, faktisk. Det var godt å sjå at Trultemor låg på golvet og kikka med store augo på dei andre borna og ho smilte då ho høyrte alle dei nye lydane. Spesielt var det ei anna jente som vart veldig oppteken av ho, drog fram leiker og la seg over Trultis, ho fekk litt hard medfart og skreik frykteleg når det landa ei leike i hovudet på ho. Sjølv om ho var kjempetrøytt og sliten allereie før me gjekk i barnehagen (ho tøyser forsatt med nattesøvnen), så haldt ho det gåande ein times tid. Då var grensa nådd, og ho sovna med ein gong me putta ho i vogna og gjekk heim.
søndag 23. august 2009
Alle hjarter gruar seg
Barnehagestart i morgon. Den kom brått på, så no sit det to skuldtynga foreldre i sofaen og prøver å forstå korleis dette skal gå bra. Det er trist og litt urettferdig å tenkje på at nokon andre menneske skal få lov å vere så viktige i livet hennar, at dei skal følgje med på korleis ho har det heile dagen. Ingen av oss kjem til å vite kva ho gjer på kvart minutt, det er rart og litt vanskeleg å venne seg til den tanken...
lørdag 22. august 2009
Vesletrulta har hatt ein veldig bra dag i dag. Ho er som kjend i varierande form, men i dag har ho faktisk lege lenge på golvet og kosa seg. Moldvarpen og Manhattan Toy har helde ho med selskap og gjort sitt til at eg har fått lese store delar av Aftenposten :0)
I dag har familien Flint vore ute på tur i skogen, det er ei lukke å ha marka så nært. Før sjølve skogsturen var me innom feiringa av Trolltun, nokre kunstnarbustadar som har 50 års jubileum på Bøler. Anne- Cath. Vestly budde i eit av desse husa, og fotografen Morten Krogvold har også base der. Eg har gått forbi desse husa utallige gongar og har lenge vore nysgerrig på dei. Då var det ekstra artig å sjå seg i kring i borettslaget, med afrikansk band i bakgrunnen, lukt av mat og salg av kunst kunne ikkje det ha vore ein betre føremiddag. Skulle berre ynskje eg kunne tatt med meg vesletrollet inn i dei opne ateliera, det kunne vore spennande å få sett desse husa inni. Beklaglegvis var eg ikkje rutinert nok til å hugse å ta bilete.
Ynskjer god helg til dykk som følgjer bloggen min!
Ynskjer god helg til dykk som følgjer bloggen min!
fredag 21. august 2009
Våkenetter med blåbæryoghurt
Å vere vaken frå klokka 3 på natta, til avisbodet står utanfor døra med avisa, er på ingen måte det beste eg veit. Eit lite troll som jamra seg er nok til å halde både mor og far vaken i timesvis, om det var mi feil er eg framleis ikkje sikker på. Likevel har eg ein mistanke om at det ikkje hjalp at eg skrudde på lyset og gav ein halv pakke blåbæryoghurt midt på natta ;0) Det er jo slik det er, kanskje ho er svolten? Eller tyrst? Eller skal bleia bytast? Det gjekk opp for meg i dagtidleg at det heile sikkert skuldast lengsel etter besteforeldra som reiste i går. Same kor mykje ho remja, så var det ingen farfar og farmor med sterke armar og godt tolmod i sikte.
Same kor nydeleg det bustete vesle trollet er, så tærer det på tolmodet når ein ikkje får sove om natta. I natt har me veksla på å trille vogna over dørstokken i gangen. Kvar gong ho vart parkert og eg trudde det var søvn i sikte, rakk eg akkurat å liste meg inn i senga og leggje meg under den varme dyna, før det klynka igjen. "Opp og stå, mamsen, eg treng at nokon gynge meg!" Vesletrollet var ikkje spesielt populær i dagtidleg, altså.
Same kor nydeleg det bustete vesle trollet er, så tærer det på tolmodet når ein ikkje får sove om natta. I natt har me veksla på å trille vogna over dørstokken i gangen. Kvar gong ho vart parkert og eg trudde det var søvn i sikte, rakk eg akkurat å liste meg inn i senga og leggje meg under den varme dyna, før det klynka igjen. "Opp og stå, mamsen, eg treng at nokon gynge meg!" Vesletrollet var ikkje spesielt populær i dagtidleg, altså.
onsdag 19. august 2009
Sleeping beauty
tirsdag 18. august 2009
Drømmehagen
mandag 17. august 2009
Hoppe sa gåsa..
Hoppe på gymball er stas, og ein ny aktivitet me har starta med. Det er veslegull sin treningsball, men eg vert minst like trent som ho av å hoppe på ballen. Herjing er artig, så det er store protestar kvar gong me stoppar opp for å ta ein pust i bakken. Puhh..
søndag 16. august 2009
Frognerparken og ballegåve
I kveld hadde me ballegåve, flott sunnmørsk uttrykk som eg har adoptert. Herr sambuar hadde laga komler, så no er eg omlag like bevegeleg som om eg hadde ete nokre kilo med gråstein. Det var eit supert måltid, men det var ein stor nedtur at eg hadde gløymt å kjøpe Kefir. Ingen komle, utan Kefir!!
Veslemor har sove godt i vogna si, og hadde i grunn si beste tid i bilstolen på veg ned til byen. Tunnelar er fantastisk spennande og heilt klart verd å ofre merksemd på.
fredag 14. august 2009
Faffis og famo på besøk
Det har vore ruskever i hovudstaden i dag. Eg har vore inne heile dagen, vaska hus og baka bollar, mens me venta på besøk av veslegull sine besteforeldre. Dei er komne frå utanlandstur og skal vere her nokre dagar. Stas! Dei siste timane har vesletrulta gjort sitt aller beste innan sjarm, slik at besteforeldra skulle få sjå kor nydeleg ho er. Eit av glansnummera er å vise fram dei nye tenna og lage fine smattelydar når ho får barneTVsnopet sitt, i form av melon. Ekstra bonus er det at ho sovna før 19.30 i kveld, det kan eg like og ynskjer at det forset slik.
I går var me hjå helsesøster, trass i at sommaren har vore ei utfordring på matfronten hadde heldigvis både vekt og lengde auka, og hovudomkrins. No har me all grunn til å feire i helga!
Lyden av lukke
onsdag 12. august 2009
Eit halmstrå, 3 macaroonar og to nys
Eg har ikkje berre brukt dagen på kaffi og kaker. Heile familien Flint var til byen i dag, veslegull har hatt behandling hjå osteopat (les: halmstrå). I oktober skal me reise på behandling i Sveits, og venter i spenning på å sjå om det kan gje oss nokre gode resultat. No er i allefall reisa booka, og hotellet i boks. Vesletrulta sjølv avslutta dagens siste måltid med å nyse graut over ein radius på 1 meter. Eg var like full i graut som ho og vippestolen. Kan ikkje anna enn å le når ho gav meg "verdas-mest-forskrekka" utrykket etterpå.
tirsdag 11. august 2009
Å rote mi tid..
mandag 10. august 2009
Ammemoderering og overrasking
Tida går og det er mykje som skal vere på plass før mor og far kan starte på jobb att. For at barnehagestarten skal gå så smertefritt som mogleg prøver eg å kutte ned på amminga. I sommar har eg amma minst like mykje som eg gjorde då ho var 3 månedar, altså har me gått i feil retning. Men no har vesletrulta sjølv innført ammestopp, problemet er at det berre gjeld på ei side. Altså trekkjer eg mot høgre når eg går..
Overrasking! Eg oppdaga plutseleg ei tann som var komen ut i dag. Den må ha bora seg gjennom i ekspressfart. No er tannstatusen 2-3 til nedsida. I den rasande farta dette går, er eg redd eg plutseleg ein dag kjem til å vakne med ein konfirmant i hus.
Overrasking! Eg oppdaga plutseleg ei tann som var komen ut i dag. Den må ha bora seg gjennom i ekspressfart. No er tannstatusen 2-3 til nedsida. I den rasande farta dette går, er eg redd eg plutseleg ein dag kjem til å vakne med ein konfirmant i hus.
Abonner på:
Innlegg (Atom)

