søndag 16. august 2009

Frognerparken og ballegåve

Me var ikkje dei einaste som hadde tenkt seg på sundagstur i Frognerparken i dag, me hadde følgje av fleire hundre andre menneske. For ikkje å snakke om cafèbesøket me hadde planar om, det var ikkje ein einaste ledig plass å oppdrive etter dei fysiske anstrengelsane. Eg er tydlegvis ikkje god nok på Majorstuen, eg har like store problemar med å finne ein bra cafè kvar einaste gong eg prøver. Tips anyone?

I kveld hadde me ballegåve, flott sunnmørsk uttrykk som eg har adoptert. Herr sambuar hadde laga komler, så no er eg omlag like bevegeleg som om eg hadde ete nokre kilo med gråstein. Det var eit supert måltid, men det var ein stor nedtur at eg hadde gløymt å kjøpe Kefir. Ingen komle, utan Kefir!!

Veslemor har sove godt i vogna si, og hadde i grunn si beste tid i bilstolen på veg ned til byen. Tunnelar er fantastisk spennande og heilt klart verd å ofre merksemd på.

Ingen kommentarer: