fredag 21. august 2009

Våkenetter med blåbæryoghurt

Å vere vaken frå klokka 3 på natta, til avisbodet står utanfor døra med avisa, er på ingen måte det beste eg veit. Eit lite troll som jamra seg er nok til å halde både mor og far vaken i timesvis, om det var mi feil er eg framleis ikkje sikker på. Likevel har eg ein mistanke om at det ikkje hjalp at eg skrudde på lyset og gav ein halv pakke blåbæryoghurt midt på natta ;0) Det er jo slik det er, kanskje ho er svolten? Eller tyrst? Eller skal bleia bytast? Det gjekk opp for meg i dagtidleg at det heile sikkert skuldast lengsel etter besteforeldra som reiste i går. Same kor mykje ho remja, så var det ingen farfar og farmor med sterke armar og godt tolmod i sikte.

Same kor nydeleg det bustete vesle trollet er, så tærer det på tolmodet når ein ikkje får sove om natta. I natt har me veksla på å trille vogna over dørstokken i gangen. Kvar gong ho vart parkert og eg trudde det var søvn i sikte, rakk eg akkurat å liste meg inn i senga og leggje meg under den varme dyna, før det klynka igjen. "Opp og stå, mamsen, eg treng at nokon gynge meg!" Vesletrollet var ikkje spesielt populær i dagtidleg, altså.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kjenner meg igjenn, sjølv om det er 28 år sidan. Ta godt vare på stundene, seinare kjem de til å sakna dei og gled dykk over minna, sjølv om det kan vera stritt i "nuet" Ålvikabesten

Bibliotekarspira sa...

Prøver å følgje rådet ditt, sjølv om det ikkje er så lett alltid.