Barnehagestart er ikkje så skummelt som venta, det gjekk over all forventning, faktisk. Det var godt å sjå at Trultemor låg på golvet og kikka med store augo på dei andre borna og ho smilte då ho høyrte alle dei nye lydane. Spesielt var det ei anna jente som vart veldig oppteken av ho, drog fram leiker og la seg over Trultis, ho fekk litt hard medfart og skreik frykteleg når det landa ei leike i hovudet på ho. Sjølv om ho var kjempetrøytt og sliten allereie før me gjekk i barnehagen (ho tøyser forsatt med nattesøvnen), så haldt ho det gåande ein times tid. Då var grensa nådd, og ho sovna med ein gong me putta ho i vogna og gjekk heim.
3 kommentarer:
Ser ut som mor har det like gøy som vetletrulta:-) Kjempe kjekt å følge med på bloggen din!
Gullet så veldig fornøyd ut på huska. Kjekt å komme i barnehagen sammen med andre barn.
Ser at hun har på seg dressen. Bra den passa.
Kjekt med oppdatering når vi er så langt vekke. Synes godjenta har blitt så.... stor, har forandra seg ja.
Gler meg til å se henne igjen. Hilsen fra oss i Å.
Så kjekt du følgjer meg, Synnøve :0)
Legg inn en kommentar