fredag 14. august 2009

Faffis og famo på besøk

Det har vore ruskever i hovudstaden i dag. Eg har vore inne heile dagen, vaska hus og baka bollar, mens me venta på besøk av veslegull sine besteforeldre. Dei er komne frå utanlandstur og skal vere her nokre dagar. Stas! Dei siste timane har vesletrulta gjort sitt aller beste innan sjarm, slik at besteforeldra skulle få sjå kor nydeleg ho er. Eit av glansnummera er å vise fram dei nye tenna og lage fine smattelydar når ho får barneTVsnopet sitt, i form av melon. Ekstra bonus er det at ho sovna før 19.30 i kveld, det kan eg like og ynskjer at det forset slik.
I går var me hjå helsesøster, trass i at sommaren har vore ei utfordring på matfronten hadde heldigvis både vekt og lengde auka, og hovudomkrins. No har me all grunn til å feire i helga!

Ingen kommentarer: