Barnehagestart i morgon. Den kom brått på, så no sit det to skuldtynga foreldre i sofaen og prøver å forstå korleis dette skal gå bra. Det er trist og litt urettferdig å tenkje på at nokon andre menneske skal få lov å vere så viktige i livet hennar, at dei skal følgje med på korleis ho har det heile dagen. Ingen av oss kjem til å vite kva ho gjer på kvart minutt, det er rart og litt vanskeleg å venne seg til den tanken...
2 kommentarer:
De gjere nok det rette, men skjønar at tvilen og tankane er der. Vesle trultis uti verda på eigen hand. Etterkvart vert det forhåpentlegvis lettare å forhalda seg til.
Ja, det ser ut til at det kanskje kan gå betre enn frykta. Mogleg det er verre for foreldra enn borna i desse situasjonane.
Legg inn en kommentar