tirsdag 18. august 2009

Drømmehagen

Hinkelpinkel (ein blå sak som spring rundt med pleddet sitt) og Hopsi Deisi (som av alle ting kan blåse opp skjørtet sitt for å glede andre...) har byrja å besøke oss i stova kvar kveld. Dei har med seg konglar, tomlingar og eit ukjend antall andre skapningar. Vesle tyttebæret vårt er ikkje spesielt interessert, men me tenkjer at ho kanskje kjenner att songane og stemmene etterkvart. Dei to eldste familiemedlemmane har fått litt for god kjennskap til serien, det har vore mykje motvillig nynning i det siste. Litt skjemd må eg fortelje at eg stod midt i ein leikebutikk i dag, og braut begeistra ut : "sjå, trultis, Hinkelpiiiiiinkel". Sjølvsagt gjorde eg mitt beste for å synge songen også, til stor glede for dei tilsette i butikken. Reaksjonen var overveldande, den førde med seg lukt og guida meg rett inn på næraste stellerom.

4 kommentarer:

Geitrams sa...

Barnetv er ikkje heilt det samme som før. Men eg har skjønt at ein del born er fasinert over denne flokken. (og tydelegvis og nokon foreldre, hihi)

Linda sa...

Kan nesten ikkje tro at du ser på detta frivillig.. ;) HELDIGVIS har Thea gått vekk fra å syns detta va stas.. eg holdt på å tørna galen.. trodde kanskje ikkje det gikk an å laga noe værre en teletubbie, men der tok eg feil gutt.."sove nå plinki plonk".. kvalitetsprogram på nrk sa du? Fremdeles mot lisens eg snuppa... ;)

Linda sa...

ja.. altså, ikkje at eg meine du e gutt.. va bare litt sk(r)ivebom, og det sku då stå "der tok eg feil gitt".. hehe.. - Og no må eg skriva dissa bokstavane igjen, for å legga inn denna meldingen og.. ,) Jaja..gir deg litt å lesa på då, og kommentarene dine øke stadig på ;)

Bibliotekarspira sa...

Altså,det for veslegull sin del me ser det. Og mest fordi musikken er så repetetiv at ho kanskje kjenner den att. Plinkiplonk juice og plinki plonki, det er ikkje rart det festar seg hjå nokon og ein kvar.