mandag 24. august 2009

Scenerom

Biletet er henta frå Morguefile.com

Dette programmet har eg høyrt mykje på, og eg vil anbefale det sterkt. Her får ein anmeldingar av ulike typar scenekunst, alt i frå revyar, teater og dans i tillegg til spennande intervju.

Høyr på Scenerom med Shaun Henrik Matheson: NRK P2, tysdag 25.8 kl1503

Barnehagestart


Barnehagestart er ikkje så skummelt som venta, det gjekk over all forventning, faktisk. Det var godt å sjå at Trultemor låg på golvet og kikka med store augo på dei andre borna og ho smilte då ho høyrte alle dei nye lydane. Spesielt var det ei anna jente som vart veldig oppteken av ho, drog fram leiker og la seg over Trultis, ho fekk litt hard medfart og skreik frykteleg når det landa ei leike i hovudet på ho. Sjølv om ho var kjempetrøytt og sliten allereie før me gjekk i barnehagen (ho tøyser forsatt med nattesøvnen), så haldt ho det gåande ein times tid. Då var grensa nådd, og ho sovna med ein gong me putta ho i vogna og gjekk heim.

søndag 23. august 2009

Alle hjarter gruar seg

Barnehagestart i morgon. Den kom brått på, så no sit det to skuldtynga foreldre i sofaen og prøver å forstå korleis dette skal gå bra. Det er trist og litt urettferdig å tenkje på at nokon andre menneske skal få lov å vere så viktige i livet hennar, at dei skal følgje med på korleis ho har det heile dagen. Ingen av oss kjem til å vite kva ho gjer på kvart minutt, det er rart og litt vanskeleg å venne seg til den tanken...

lørdag 22. august 2009

Ser de likskapen mellom mor og dotter? Brillemessig..

Vesletrulta har hatt ein veldig bra dag i dag. Ho er som kjend i varierande form, men i dag har ho faktisk lege lenge på golvet og kosa seg. Moldvarpen og Manhattan Toy har helde ho med selskap og gjort sitt til at eg har fått lese store delar av Aftenposten :0)

I dag har familien Flint vore ute på tur i skogen, det er ei lukke å ha marka så nært. Før sjølve skogsturen var me innom feiringa av Trolltun, nokre kunstnarbustadar som har 50 års jubileum på Bøler. Anne- Cath. Vestly budde i eit av desse husa, og fotografen Morten Krogvold har også base der. Eg har gått forbi desse husa utallige gongar og har lenge vore nysgerrig på dei. Då var det ekstra artig å sjå seg i kring i borettslaget, med afrikansk band i bakgrunnen, lukt av mat og salg av kunst kunne ikkje det ha vore ein betre føremiddag. Skulle berre ynskje eg kunne tatt med meg vesletrollet inn i dei opne ateliera, det kunne vore spennande å få sett desse husa inni. Beklaglegvis var eg ikkje rutinert nok til å hugse å ta bilete.

Ynskjer god helg til dykk som følgjer bloggen min!

fredag 21. august 2009

Våkenetter med blåbæryoghurt

Å vere vaken frå klokka 3 på natta, til avisbodet står utanfor døra med avisa, er på ingen måte det beste eg veit. Eit lite troll som jamra seg er nok til å halde både mor og far vaken i timesvis, om det var mi feil er eg framleis ikkje sikker på. Likevel har eg ein mistanke om at det ikkje hjalp at eg skrudde på lyset og gav ein halv pakke blåbæryoghurt midt på natta ;0) Det er jo slik det er, kanskje ho er svolten? Eller tyrst? Eller skal bleia bytast? Det gjekk opp for meg i dagtidleg at det heile sikkert skuldast lengsel etter besteforeldra som reiste i går. Same kor mykje ho remja, så var det ingen farfar og farmor med sterke armar og godt tolmod i sikte.

Same kor nydeleg det bustete vesle trollet er, så tærer det på tolmodet når ein ikkje får sove om natta. I natt har me veksla på å trille vogna over dørstokken i gangen. Kvar gong ho vart parkert og eg trudde det var søvn i sikte, rakk eg akkurat å liste meg inn i senga og leggje meg under den varme dyna, før det klynka igjen. "Opp og stå, mamsen, eg treng at nokon gynge meg!" Vesletrollet var ikkje spesielt populær i dagtidleg, altså.

onsdag 19. august 2009

Sleeping beauty

Gjekk gjennom nokre gamle bilete i dag, og følte for å leggje ut eit. Her er den vesle engelen min litt over 1 månad gamal, og søv søtt i vogna si. Tenk at ho har vore så lita ein gong, det er nesten ikkje til å tru.

tirsdag 18. august 2009

Drømmehagen

Hinkelpinkel (ein blå sak som spring rundt med pleddet sitt) og Hopsi Deisi (som av alle ting kan blåse opp skjørtet sitt for å glede andre...) har byrja å besøke oss i stova kvar kveld. Dei har med seg konglar, tomlingar og eit ukjend antall andre skapningar. Vesle tyttebæret vårt er ikkje spesielt interessert, men me tenkjer at ho kanskje kjenner att songane og stemmene etterkvart. Dei to eldste familiemedlemmane har fått litt for god kjennskap til serien, det har vore mykje motvillig nynning i det siste. Litt skjemd må eg fortelje at eg stod midt i ein leikebutikk i dag, og braut begeistra ut : "sjå, trultis, Hinkelpiiiiiinkel". Sjølvsagt gjorde eg mitt beste for å synge songen også, til stor glede for dei tilsette i butikken. Reaksjonen var overveldande, den førde med seg lukt og guida meg rett inn på næraste stellerom.

mandag 17. august 2009

Hoppe sa gåsa..

..danse sa Ida. Så hopper vi, så danser vi. Så setter vi oss på huk. En, to, tre...

Hoppe på gymball er stas, og ein ny aktivitet me har starta med. Det er veslegull sin treningsball, men eg vert minst like trent som ho av å hoppe på ballen. Herjing er artig, så det er store protestar kvar gong me stoppar opp for å ta ein pust i bakken. Puhh..

søndag 16. august 2009

Frognerparken og ballegåve

Me var ikkje dei einaste som hadde tenkt seg på sundagstur i Frognerparken i dag, me hadde følgje av fleire hundre andre menneske. For ikkje å snakke om cafèbesøket me hadde planar om, det var ikkje ein einaste ledig plass å oppdrive etter dei fysiske anstrengelsane. Eg er tydlegvis ikkje god nok på Majorstuen, eg har like store problemar med å finne ein bra cafè kvar einaste gong eg prøver. Tips anyone?

I kveld hadde me ballegåve, flott sunnmørsk uttrykk som eg har adoptert. Herr sambuar hadde laga komler, så no er eg omlag like bevegeleg som om eg hadde ete nokre kilo med gråstein. Det var eit supert måltid, men det var ein stor nedtur at eg hadde gløymt å kjøpe Kefir. Ingen komle, utan Kefir!!

Veslemor har sove godt i vogna si, og hadde i grunn si beste tid i bilstolen på veg ned til byen. Tunnelar er fantastisk spennande og heilt klart verd å ofre merksemd på.

fredag 14. august 2009

Faffis og famo på besøk

Det har vore ruskever i hovudstaden i dag. Eg har vore inne heile dagen, vaska hus og baka bollar, mens me venta på besøk av veslegull sine besteforeldre. Dei er komne frå utanlandstur og skal vere her nokre dagar. Stas! Dei siste timane har vesletrulta gjort sitt aller beste innan sjarm, slik at besteforeldra skulle få sjå kor nydeleg ho er. Eit av glansnummera er å vise fram dei nye tenna og lage fine smattelydar når ho får barneTVsnopet sitt, i form av melon. Ekstra bonus er det at ho sovna før 19.30 i kveld, det kan eg like og ynskjer at det forset slik.
I går var me hjå helsesøster, trass i at sommaren har vore ei utfordring på matfronten hadde heldigvis både vekt og lengde auka, og hovudomkrins. No har me all grunn til å feire i helga!

Lyden av lukke

Kvar kveld når eg legg meg ligg eg og lyttar til veslegull sin pust. Av og til er det nesten ikkje mogleg å høyre den, mens andre gongar durar ho som eit lite lokomotiv. Det er lyden av lukke.

Eg er så heldig som får ha ei slik flott, lita prinsesse ved sida mi.

onsdag 12. august 2009

Those were the days...

For å slå i hel tid mens me ventar på Besten, kan dette biletet frå Roma nytast.

Eit halmstrå, 3 macaroonar og to nys

Herre Jemini! Mens eg sit å skriv dette innlegget, slår det meg at eg oppfører meg som eg er 70 år. Berre sjå: I dag hadde me macaroonar frå Pascal til kl.18 kaffien. Ja, me har faktisk fast kaffitid kl. 18. Lenge leve spontaniteten ;0) Kaffien drikk eg av det nye settet mitt, Daisy, Turi design frå Figgjo flint. Ahhh... 160 kr betalte eg for heile det nydelege settet, eit riktig varp på ferieturen.

Eg har ikkje berre brukt dagen på kaffi og kaker. Heile familien Flint var til byen i dag, veslegull har hatt behandling hjå osteopat (les: halmstrå). I oktober skal me reise på behandling i Sveits, og venter i spenning på å sjå om det kan gje oss nokre gode resultat. No er i allefall reisa booka, og hotellet i boks. Vesletrulta sjølv avslutta dagens siste måltid med å nyse graut over ein radius på 1 meter. Eg var like full i graut som ho og vippestolen. Kan ikkje anna enn å le når ho gav meg "verdas-mest-forskrekka" utrykket etterpå.

tirsdag 11. august 2009

Å rote mi tid..

Her er det roting og rydding på gang, me har dukka ned i 16 hyller frå IKEA. Det ser ikkje ut til at me kjem oss dit i frå med det fyrste, eg har nemleg klart å spart på utruleg mykje dei siste åra. Finner alt i frå vitnemål til flybillettar frå Italia og tyrkiske lirer. Ikkje verst?! Akkurat no skal me ha ein pause med ein Friendsepisode og vafler.. Velfortent!

mandag 10. august 2009

Ammemoderering og overrasking

Tida går og det er mykje som skal vere på plass før mor og far kan starte på jobb att. For at barnehagestarten skal gå så smertefritt som mogleg prøver eg å kutte ned på amminga. I sommar har eg amma minst like mykje som eg gjorde då ho var 3 månedar, altså har me gått i feil retning. Men no har vesletrulta sjølv innført ammestopp, problemet er at det berre gjeld på ei side. Altså trekkjer eg mot høgre når eg går..

Overrasking! Eg oppdaga plutseleg ei tann som var komen ut i dag. Den må ha bora seg gjennom i ekspressfart. No er tannstatusen 2-3 til nedsida. I den rasande farta dette går, er eg redd eg plutseleg ein dag kjem til å vakne med ein konfirmant i hus.