torsdag 6. august 2009

Byrjinga på det heile

Eg har tenkt ei stund på om eg skal opprette ein blogg, for å vidareformidla livet vårt som familie. I dag vart saka avgjort, eg las ein artikkel om blogging av mødre i eit blad. Vegen vert til mens ein går, så eg må føle meg litt fram til kor mykje eg skal dele. Tanken er i allefall at det skal verte litt enklare for familien å følgje med oss.

I dag har mannen fått babyfri og vore i byen ein tur. Eg tok med meg veslejenta og gjekk til skogs, ho sovna i skuggen mens eg sat i sola og las eit blad. Nydeleg, det er slikt ein draumer om at permisjonstida skal innehalde. Etter luren sin, fekk ho kald havregraut med pære og eple, (det stod faktisk på glasset at den skulle vere like god kald, som varm) og saft frå koppen sin. Ho er så flink, lærte seg å drikke litt av kopp i går. I dag fekk ho til å suge ut safta sjølv. Litt meir øving no, så skulle vel alt vere klappa og klart for barnehagestart?!

Ingen kommentarer: