onsdag 12. august 2009

Eit halmstrå, 3 macaroonar og to nys

Herre Jemini! Mens eg sit å skriv dette innlegget, slår det meg at eg oppfører meg som eg er 70 år. Berre sjå: I dag hadde me macaroonar frå Pascal til kl.18 kaffien. Ja, me har faktisk fast kaffitid kl. 18. Lenge leve spontaniteten ;0) Kaffien drikk eg av det nye settet mitt, Daisy, Turi design frå Figgjo flint. Ahhh... 160 kr betalte eg for heile det nydelege settet, eit riktig varp på ferieturen.

Eg har ikkje berre brukt dagen på kaffi og kaker. Heile familien Flint var til byen i dag, veslegull har hatt behandling hjå osteopat (les: halmstrå). I oktober skal me reise på behandling i Sveits, og venter i spenning på å sjå om det kan gje oss nokre gode resultat. No er i allefall reisa booka, og hotellet i boks. Vesletrulta sjølv avslutta dagens siste måltid med å nyse graut over ein radius på 1 meter. Eg var like full i graut som ho og vippestolen. Kan ikkje anna enn å le når ho gav meg "verdas-mest-forskrekka" utrykket etterpå.

6 kommentarer:

Geitrams sa...

Likte kaffisettet ditt. Gjere det meg og til ein pensjonist skal tru?
Vanedyr er me alle :)

Bibliotekarspira sa...

Sikkert ikkje, med mindre du drikk kaffi kl.18 kvar dag du også ;0)

Bibliotekarspira sa...

Flott å høyre, då kjennes det ikkje så ille ut. Rutiner i familiekvardagen..

Geitrams sa...

Eg måtte inn på bloggen din og kikka på kaffikoppen din att.. Googla settet og plutseleg var eg på ebay og kikka på diverse i samme sett. Vart litt forelska, men klarte å halda meg sjølv i tøylane.
Fins mykje gamalt og brukt som er fint :)

Bibliotekarspira sa...

Må berre seie Geitrams, at settet er mykje billigare dersom du sjekka det ut på loppis eller gjenbruk / Fretex rundt omkring. Ebay tek sikkert meir enn 160 kr for eit heilt sett!
Loppis er stas!

Geitrams sa...

Likar loppis, bruktbutikkar og fretex.
Trur uansett du har satt meg på nye idear no.. skummelt å fylgje bloggen din.